Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Tilpassa opplæring

Alle elevar har rett til å få ein skulegang som er tilpassa behova og potensiala deira. Dette betyr at lærarane skal følgje med på utviklinga til eleven, og skal gjere tilpassingar gjennom heile skulegangen.

Tenesteomtale

Nokre elevar lærer fort og treng større breidd eller høgare vanskegrad enn dei andre elevane. Andre elevar treng ekstra utviklingsstøtte i ein periode eller innanfor nokre fag. Det er ansvaret til skulen å følgje med og følgje opp slik at alle elevar får utnytta og utvikla sine evner. 
 
Det vanlege er at elevane får tilpassa opplæringa si innanfor fellesskapet i klasserommet og utan at det er nødvendig med særløsninger. Nokre av tilpassingane som lærarane vil vurdere er:
 
Intensiv opplæring
For elevar som går i 1. til 4. trinn, vil skulen følgje med på progresjonen i lesing, skriving og rekning. Fordi desse ferdigheitene er så grunnleggjande for vidare læring i skuleløpet, kan skulen setje inn såkalla intensiv opplæring i lesing, skriving eller rekning, for elevar som treng det.
 
Fritak frå deler av opplæringa
Elevar som lærer raskare enn gjennomsnittet, kan i nokre tilfelle ha utbytte av å hoppe over eit trinn eller ta fag på eit høgare trinn. Dette er i så fall noko som skulen skal vurdere saman med ei sakkunnig vurdering frå PP-tenesta, og med samtykke frå foreldra.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Dette er lovpålagde tenester. Sjå spesielt
Opplæringslova § 11-1, § 11-2, § 11-3 og § 28-1.

Ny opplæringslov

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Tilpassingar og tiltak som skulen gjer for at alle elevar skal få eit tilfredsstillande utbytte av undervisninga, er ikkje noko som foreldre kan søkje om, då det er del av oppdraget til skulen og faglege skjønn.
 
Viss du ønskjer tilpassingar for barnet ditt, kan du kontakte skulen.

Høve til å klage

Individuelt tilpassa opplæring er ei plikt skulen har, men det er ikkje noko foreldre kan søkje om, og det er derfor heller inga klagemoglegheit. Viss du meiner at barnet ditt ikkje har tilfredsstillande utbytte av undervisninga som blir gitt, kan du klage på det. Du klagar ved å be om ein samtale med læraren eller rektoren til barnet.

Tjenesten oppdatert: 29.05.2024 17:18