Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Skulemiljø - det psykososiale miljøet

Alle elevar har rett til å ha det trygt og godt på skulen. Det betyr mellom anna at barnet ditt ikkje skal bli utsett for utestenging, mobbing eller plaging, verken frå andre elevar eller lærarar. Viss barnet ditt ikkje har det trygt og godt, har ho eller han rett på hjelp frå dei vaksne på skulen.

Tenesteomtale

Når nokon ikkje har det trygt og godt på skulen eller på veg til eller frå skulen, skal skulen stoppe det.
 
Det beste er å seie frå til skulen så snart som mogleg. Det gjeld om det er barnet ditt ikkje har det trygt og godt, eller om du ser nokon som blir plaga av andre. Du kan seie frå til kven som helst som jobbar på skulen.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt
Opplæringslova kapittel 12.

Ny opplæringslov

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Viss du som elev i grunnskulen ikkje har det trygt og godt på skulen, eller på skulevegen, kan du melde det til kven som helst som jobbar på skulen. Både elevar og foredre kan melde dette. Den du har meldt til, vil melde vidare til rektor.
 
Når skulen får kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt, vil skulen straks gjere ei undersøking. Undersøkingane vil gjerne vere i form av samtalar og møter med elevar, foreldre og tilsette ved skulen. Viss undersøkingane fører til tiltak, skal desse skriftliggjøres i ein plan, slik at dei seinare kan evaluerast.
 
For å vere heilt sikker på at det du seier blir teke på alvor, kan du sende ei eiga melding til statsforvaltaren, etter at du først har meldt til rektor.

Les meir om melding til statsforvaltaren her: Melde frå om mobbing eller dårleg skulemiljø.

Høve til å klage

Viss du meiner at rektor ikkje har gjort nok for at du skal kjenne deg trygg og ha det godt på skulen, kan du melde saka vidare til statsforvaltaren. 
 
Statsforvaltaren vil undersøkje, ta ei avgjerd, og kan stille krav til skulen.

Tjenesten oppdatert: 29.05.2024 17:14