Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Rådgiving i grunnskulen

Som elev i grunnskulen skal du få rådgiving om val av utdanningar og yrke. Du skal også få rådgiving om personlege eller sosiale forhold. Rådgivinga skal du få på den skulen du går på, og individuelt om du ønskjer det.

Tenesteomtale

Som elev i grunnskulen vil du få både generell informasjon om utdanningar og yrke, og også rådgiving som er tilpassa din alder, klassetrinn og dine ønske og interesser.
 
Ønskjer du råd om saker som ikkje gjeld opplæringa eller val av utdanningar, skal du få det òg. Råd og samtalar om det som gjeld deg personleg, kan du få på skulen, til dømes av helsesjukepleiar i skulehelsetenesta.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Både foreldre og elevar vil få informasjon frå skulen om korleis rådgivinga vil gå føre seg. Målet er å bevisstgjere elevane på vala dei har innanfor utdanning og yrkjer, og hjelpe dei til å tenkje langsiktig og komme i gang med planlegginga.
 
På grunnskulenivå handlar dette i stor grad om at elevane skal bli kjent med seg sjølv, sine interesser og moglegheiter.
 
Det sosiale livet og personlege forhold vil vere med på å påverke korleis elevane har det på skulen, kor motiverte dei er eller korleis dei lærer. Det sosiale aspektet er derfor del av rådgivingsansvaret til skulen.

Høve til å klage

Rådgivinga er eit ansvar skulen har, men det er ikkje noko foreldre kan søkje om, og det er heller ingen formelle klagemoglegheiter. Du kan når som helst kontakte leiinga i skulen og be om ein samtale om korleis de best kan følgje opp barnet ditt.

Tjenesten oppdatert: 29.05.2024 17:13