Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Hjelp til å fullføre eller bestå skulen

Skulen består av rettar og plikter. Elevane pliktar å gå på skulen og å følgje skulereglane. Skulen på si side skal følgje med og skal hjelpe elevar til å fullføre skulegangen.

Tenesteomtale

Elevar pliktar å delta aktivt i opplæringa, til dømes ved å møte punktleg til timane, gjere eventuelle lekser og ikkje forstyrre undervisninga.
 
Elevar som er mykje borte frå skulen vil ha vanskelegare for å nå kompetansemåla for opplæringa. Vanskane kan forplante seg vidare i livet. Skulen vil derfor ta ei aktiv rolle i å hjelpe elevar til å fullføre skulen.
 
Skulen vil registrere fråvær frå første dag eleven er borte frå skulen, og vil sjå etter fråværsmønster. Som forelder kan du forvente at skulen søkjer eit nært samarbeid med heimen for å følgje opp elevane best mogleg.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Oppfølging frå skulens side er eit ansvar skulen har, men det er ikkje noko foreldre kan søkje om, og det er heller ingen formelle klagemoglegheiter. Du kan når som helst kontakte leiinga i skulen og be om ein samtale om korleis de best kan følgje opp barnet ditt.

Tjenesten oppdatert: 29.05.2024 17:06